Sykkelturen Bergen – Hardanger – Voss

Hardangerfjorden

Denne fantastiske reisa varer over 5 dagar og går gjennom vakkert vest-norsk fjordlandskap. Undervegs vil du eta og sova godt på De Historiske Hoteller & spisesteder langs Hardangerfjorden. Du vil i tillegg besøka eit av dei husa i verda som har flest OL og VM-medaljar samla på ein stad, nemleg heime hjå skiskyttarane Liv Grete Skjelbreid og Raphaël Poirée. Syklinga går i variert og lett kupert terreng, men undervegs er det nokon bakkar som må forserast. Våre lokalkjende guidar blir med for å gje deg den beste opplevinga. Følgebilen vil vera tilgjengjengeleg for deg kvar dag langs heile turen. El-sykkel kan og leigast på heile eller delar av turen.

Dette er Signatur-turen i Bike The Fjords og Fjord Norge. Du får sjansen til å sjå ein av dei vakraste fjordane i Norge på nært hald. Attraksjonar slik som Bryggen i Bergen, De Historiske Hoteller og spisesteder, Utne, Herand, Ulvik, Ullensvang og Voss er kjende plassar du vil passera på sykkelturen. 

KONTAKT OSS 

 

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

  • Region: Norge
  • Destinasjon: Hardanger, Bergen, Voss
  • Varigheit: 6 dagar / 5 overnattingar
  • Nivå: Krev trening på førehand
  • Pris med guide frå: 18 600,-
  • Pris utan guide frå: 13 700,-
  • Tillegg per person i enkeltrom: 2200,- per pers

BESTILL HER

 

  • Turen med guide inkluderer:
  • Sykkelleige, hjelm og sykkellås
  • 5 overnattingar på De Historiske Hoteller og spisesteder (i dobbeltrom)
  • Følgebil
  • Guiding
  • 5 middagar
  • Lunsj dag 3 
  • 4 frukostar
  • Alle ferjeturar 

Guida sykkelturar er tilgjengelege:

  • 12 – 16 mai 2017 FULLBOOKA
  • 11 – 15 juni 2017 LEDIG!
  • 16 – 19 juni 2017 FULLBOOKA
  • 10 – 15 september 2017 LEDIG!
  •  
  • Sjølvguida tur:
  • Sykkelturar utan guide kan du bestille når det passar deg, ta kontakt for bestilling. 

BOOK NÅ 

Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge AS

Turen dag for dag (med guide)

Dag 1: Ankomst – Velkomen til Bergen! 

  • Me møtest kl 1800 på det nye Hotell Børs i Bergen, og får ein varm velkomst av leiinga på hotellet. Den fyrste kvelden går med på ein bli-kjent samankomst for heile gruppa saman med guidane. Det blir servert forfriskingar med norsk fingermat, øl, mineralvatn og vin. Informasjon om turen og opplegget vil bli lagt fram og gjennomgått. Her vil du og få eit informasjonsark som detaljert viser kva du har i vente i dagane som kjem. På turen kan du velje mellom ulike syklar, desse er: Scott Sub Cross 45, hybrid sykkel, eller Speedster, landevegssykkel. Alternativt: Scott E-Sub Unisex EL sykkel. Les meir om syklane her.
  •  
  • Måltider: Middag, frukost
  • Attraksjonar: Bergen sentrum, Bryggen, Fisketorget
  • Oppnådd distanse: ca.35 km
  • Overnatting: Hotell Børs

 

  • Dag 2: Bergen sentrum – Os 
  • Den fyrste sykkel-etappen går i eit landskap som vekslar mellom tettbebygd villastrøk, kontorbygg, næringslokale og etter kvart spreidde gardstun. Rett utanfor Bergen sentrum syklar vi innom Troldhaugen, heimen til komponisten Edvard Grieg. Me held oss for det meste på småvegar og sykkelstiar. Delar av turen syklar me i idyllisk landskap langs den gamle jernbanen for Bergen-Os. Me passerer små vatn og skogholt til me nærmar oss Os sentrum. I Os tek me oss ein pause og ser på ein tradisjonsrik båtbyggjarverkstad (UNESCO lista for tradisjonshandtverk) før me syklar vidare utover mot Solstrand Hotell og Bad med sitt flotte spa-anlegg. Hotellet har ein fantastisk hage og beliggenheit og har praktfull utsikt over Bjørnafjorden, eit av dei breidaste fjordpartia i innlands-Norge.
  •  
  • Måltider: Middag, frukost
  • Attraksjonar: Edvard Griegs heim, Hardangerfjorden, Os sentrum, Oselvar båtbyggjarverkstad
  • Oppnådd distanse: ca.50 km
  • Terreng: Relativt flatt
  • Overnatting: Solstrand Hotel og Bad

 

  • Dag 3: Os – Tørvikbygd
  • Etter ein god frukost på Solstrand Hotel og Bad syklar me vidare til ferjekaien på Hattvik, her tek me ferja over til Venjaneset på 15 minutt. Frå Venjaneset til Skjelbreid & Poiree går det svakt oppover i eit typisk vestnorsk fjordlandskap. Siste bakken før lunsj er kort, men bratt. Etter lunsjen held turen fram i spennande og variert landskap inn mot Mundheim, der me for fyrste gong får utsyn over sjølve Hardangerfjorden. Me held fram nordover langs Hardangerfjorden, forbi koselege små grender og tettstadar til Strandebarm og vidare til Tørvikbygd. Kvelden tilbringer me på den koselege staden Hardingasete som er medlem av de Historiske Hoteller & Spisesteder
  •  
  • Måltider: Lunsj, middag, frukost
  • Attraksjonar: Ferjetur, lunsj hjå Skjelbreid & Poiree, Hardangerfjorden, Hardingasete, Strandebarm, Tørvikbygd
  • Oppnådd distanse: ca. 60 km
  • Terreng: Lett kupert
  • Overnatting: Hardingasete

 

  • Dag 4: Tørvikbygd – Hotel Ullensvang 
  • Me startar dagens sykling med å kome oss til ferjekaien i Tørvikbygd der me tek ferja over til Jondal. Frå Jondal syklar me nordover langs fjorden. Turen går gjennom eit variert fjordlandskap innover Hardangerfjorden mot Herand. I Herand blir det ein liten stopp på kaien i den idylliske bygda med moglegheiter for ein liten matbit. Me kan sjå på helleristningar frå bronsealderen, eller oppgangssaga ved elva. Etterpå blir det ein stigning opp mot Samlen, eit fjell som stikk ut i ei halvøy i Hardangerfjorden. Halvvegs opp i bakken tek me ein pause, og ser om det er tid til ein avstikkar ut til Mælen som er eit spesielt, men avsidesliggjande kunstgalleri. Vidare klatrar me opp siste stigning og får ein fin trilletur nedover mot Alsåker og innover mot Utne, på vegen passerer me hagar fulle av eple- og morelltre. På Utne er det ei ny ferje over til Kinsarvik og nokre kilometer etter Kinsarvik trillar me inn på legendariske Ullensvang Hotel.
  •  
  • Måltider: Middag, frukost
  • Attraksjonar: Ferjetur, eple og morellhagar, Utne Hotel, Ullensvang Hotel, Hardangerfjorden
  • Oppnådd distanse: ca. 45 km
  • Terreng: Relativt flatt, med 2 lengre stigningar undervegs
  • Overnatting: Hotel Ullensvang (Spahotel, tennisbane, fitnessrom, innendørs og utendørs basseng)

 

  • Dag 5: Ullensvang i Hardanger - Voss
  • Etter frukost syklar me tilbake til Kinsarvik, der tek me ferja over til Kvanndal som tek ca. 45 minutt. Dette er ein flott båttur i indre Hardangerfjorden. Frå Kvanndal går det lett kupert langs fjorden til Granvin. Frå Granvin syklar me austover langs Granvinsvatnet på den gamle jernbanetrasseen til Hardangerbanen. Etter ca. 25 km kjem me til Skjervet, som er dagens sykkeltest. Me syklar opp Skjervefossen der me tek ein avstikkar inn til sjølve fossen. Resten av stigninga (ca. 1 km) forserer me i eige tempo. På toppen av Skjervefossen er det eit flott anlagt utsiktspunkt utover fossen som må sjåast! Frå Skjervet til Voss er det lett terreng, der dei siste 10 km er i svak nedoverbakke. Etter ca. 4 km vil me sjå fjella rundt Voss, med Lønahorgi majestetisk framfor oss. Ved ankomst på gardshotellet Store Ringheim blir me møtt med ein forfriskande drink på terassen og her takkar me for turen med ein middag i den lokale restauranten. 
  •  
  • Måltider: Lett måltid, middag, frukost
  • Attraksjonar: Skjervefossen, nasjonal turistveg, Voss, Store Ringheim
  • Oppnådd distanse: ca. 50 km
  • Terreng: Relativt flatt, med ein stigning på 2,5 km opp Skjervet
  • Overnatting: Store Ringheim

 

  • Dag 6: Heimreise - Takk for turen! 
  • Dagen er fri til disposisjon og kan brukast til heimreise. Du kan reise til Bergen eller Oslo med tog. Skal du fly er det avreise frå Bergen lufthavn, Flesland.
  •  
  • Måltider: Frukost
  •  

Hardangerfjorden. Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Hardangerfjorden. Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Robåt i Hardangerfjorden. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge AS

 

Foto: Mattias Fredriksson / Fjord Norge AS

Bløming i Hardanger. Foto: Terje Rakke / Nordic Life AS / Fjord Norge AS

Ferje i Hardangerfjorden. Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

 

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Foto: Mattias Fredriksson / Fjord Norge AS