SCOTT syklar

Me tilbyr Scott syklar av god kvalitet. Scott syklane våre er nye og med god komfort. Me ønsker at du skal få ein fin tur og ei god oppleving i lag med oss. Me hjelper deg med tilpassing og rådgjeving slik at opplevinga blir best mogleg for deg.

 

Hybrid Sykkel

Scott Sub Cross 45 Dame - Hybrid

Foto: Ramo AS / Scott

Dette er ein sporty hybrid sykkel med stort bruksområde. Sykkelen har god komfort og kvalitet. Denne sykkelen passar til damer og litt større barn / ungdom. Hybrid syklane er dei syklane flest folk velger på våre turar.

Scott Sub Cross 45 Herre – Hybrid 

Foto: Ramo AS / Scott

Hybrid sykkel som er godt eigna for våre turar. Denne sykkelen har same komfort og kvalitet som Scott Sub Cross 45 Dame, men denne passar betre for høgare personar eller dei med litt lengre bein.  

 

Elektrisk Sykkel

Scott E-sub Tour Lady – El sykkel

Foto: Ramo AS / Scott

Velutstyrt hybridsykkel med el-drift. Med denne elektriske sykkelen blir turane våre lettare og meir komfortable. Sykkelen har god rekkevidde og er enkel i bruk.

Scott E-sub Tour Unisex – El sykkel

Foto: Ramo AS / Scott

Samme utstyrspakke og funksjon som den andre el-sykkelen. Denne er endå enklare å stige på og av sidan batteriet er under bagasjebrettet. 

Scott Speedster – Landeveg

Scott Speedster – Landevegssykkel

 

Foto: Ramo AS / Scott

Denne sykkelen er for deg som likar tur og trening. Sykkelen er av god kvalitet og har god komfort. Dersom du har erfaring med sykling passar denne landevegssykkelen deg godt. Den trillar utrulig bra, har gir med god utveksling og krafta går gjennom pedalen, noko ein ofte får med langt dyrare modellar.