UNESCO sykkelturen 

Voss – Stalheim – Gudvangen – Nærøyfjorden – Flåm 

 

Sykkelturen går i fantastisk vest-norsk kulturlandskap, og på vegen er du innom kjende attraksjonar som Norges brattaste offentlege veg  Stalheimskleiva, Stalheim Hotell, Nærøydalen, Nærøyfjorden, Gudvangen, Flåm og Flåmsbana. Du får oppleva å sykla ned Stalheimskleiva, for ikkje å snakka om båttur i sjølve Nærøyfjorden. Sykkelturen avsluttast med den berømte Flåmsbana.

Sykkelturen går gjennom UNESCO sitt verdensarvområde i Nærøyfjorden. Turen startar på Voss. Dei første 15 km går delvis på sykkelstiar og mindre lokale vegar opp til Tvinnefossen der det er naturleg med ein  pause. Neste 10 km går langs E16 opp mot Vinje der du tek av mot Vik i Sogn. Turen er totalt ca. 35 km lang, den er ein relativt lett å sykla, men siste stigninga på ca. 2,5 km opp mot Myrkdalen Fjellansby er krevande.

På denne UNESCO turen kan du velge om du vil ha med guide frå Bike The Fjords. Vi anbefalar ein guide som kan sikre deg ein trygg og god sykkeltur.

Guida sykkelturar er tilgjengelege:

  • 19 - 21 mai 2017
  • 25 - 27 mai 2017                  
  • 2 - 4 juni 2017                      
  • 1 - 3 september 2017    
  •  
  • Sjølvguida tur:
  • Sykkelturar uten guide kan du bestille når det passar deg, ta kontakt for bestilling.

BOOK NO

Foto: Benjamin Hjort / Fjord Norge AS

  • Region: Norge
  • Destinasjon: Nærøyfjorden – verdensarv område
  • Varigheit: 3 dagar / 2 overnattingar
  • Nivå: Krev litt trening, anbefalt aldersgrense 12 år +
  • Pris med guide frå: 6900,-
  • Pris sjølvguida tur: 4990,-
  • Tillegg for enkeltrom per person: 1600,- 

KONTAKT OSS 

 

  • Tur med guide inkluderer:
  • Sykkelleige, hjelm og sykkellås
  • - 2 overnattingar på hotell
  • - Guiding og følgebil dag 1 og 2
  • - Båtbillett Guvangen – Flåm
  • - Lunsj og middag dag 1
  • - Frukost, lunsj og middag dag 2
  • - Frukost dag 3
    • - Togbillett med Flåmsbana og   Bergensbanen (Myrdal-Voss)
  • - Forfriskingar undervegs
  • Guida sykkelturar er tilgjengelege:
  •  
  • 19 – 21 mai 2017
  • 25 – 27 mai 2017                  
  • 2 – 4 juni 2017                      
  • 1 – 3 september 2017    
  •  
  • Sjølvguida tur:
  • Sykkelturar uten guide kan du bestille når det passar deg, ta kontakt for bestilling.

Foto: Privat 

Turen dag for dag (med guide)

Dag 1: Velkomen til Voss! Voss – Myrkdalen

Me møtest innan kl 1100 på Voss Turiskontor, der turen blir gjennomgått i detalj. Me syklar på sykkelsti ut av Voss Sentrum, for så å ta oss inn på mindre bygdevegar langs Lønavatnet. Fyrste store stopp blir etter ca.15 km ved Tvinnefossen. Fossen er, i tilleg til å vera vakker, kjent for å føre vatnet som skal styrke libidoen. I alle fall er det mange asiatar som forfektar dette. Etter pausen fortset vi langs E16 eit stykke før vi tek av mot Sogn og over på ein mindre traffikert veg. Det blir ein stigning opp den siste bakken mot Myrkdalen Hotel. Resten av ettermiddagen står til fri disposisjon, du røkk ein liten spasertur i området rundt hotellet før middagen vert servert. 

  • Måltider:  3 rettars middag, frukost
  • Destinasjonar: Voss, Tvinnefossen, Myrkdalen
  • Oppnådd distanse: ca.35 km 
  • Overnatting: Myrkdalen Hotell

Dag 2: Opplev verdensarven! Gudvangen – Flåm 

Etter frukost syklar me tilbake ca. 7 km i motsatt retning frå dagen før. Deretter tek me mot aust og syklar nokre kilometer med stigning langs E16 opp til Oppheimsvatnet. Der svingar me av og syklar langs vatnet i kupert terreng, gjennom eit vakkert kulturlandskap med mange gardstun. Siste delen av første del endar på Stalheim. Plassen er eit svært kjent landemerke og blir kvart år besøkt av turistar frå heile verda. På Stalheim Hotell er det satt av tid til å kjøpa seg lunsj. Etterpå går turen ned Stalheimskleiva som er Noregs brattaste offentlege veg. Stalheimskleiva består av 13 hårnålssvingar og har i snitt over 20 % stigning (det er derfor vi syklar ned). Frå bunn av Stalheimskleiva er det lett terreng nedover mot Gudvangen og Nærøyfjorden, der me tek båt ut fjorden og inn til Flåm. I Flåm sjekkar me inn på Fretheim hotell der me et middag. Kaien i Flåm har fleire kafear og butikkar. Er me heldige kan det ligga fleire cruiseskip til kai her.

  • Måltider: 3 rettars middag, lunch, frukost
  • Destinasjonar: Stalheim, Stalheimskleiva, Nærøyfjorden, Nærøydalen, Flåm, Flåmsbana
  • Oppnådd distanse: ca.35 km
  • Overnatting: Fretheim Hotell

Dag 3: På gjensyn! Flåm – Voss / Bergen

Etter frukost på Fretheim hotell tek me den berømte Flåmsbana opp til Myrdal. På Myrdal skiftar me tog, og tar det som går mot Voss og Bergen. Resten av dagen er til fri disposisjon.

  • Måltider: Frukost
  • Destinasjonar: Sognefjorden, Flåm, Flåmsbana, Bergensbana, Voss, Bergen 

 

Nærøyfjorden. Foto: Katrin Moe / Fjord Norge AS

Stalheim. Foto: Oddbjørn Rong Slåtten / Voss Media AS

Nærøyfjorden. Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

 

#BikeTheFjords

Fjord Safari. Foto: Oddbjørn Rong Slåtten / Voss Media AS

Nærøyfjorden. Foto: Sverre Hjørnevik/ Fjord Norge AS 

Nærøyfjorden. Foto: Gjertrud Coutinho / Fjord Norge AS

 Video: Oddbjørn Rong Slåtten / Voss Media AS