Opplev Vene Voss på to hjul!

Me tilbyr guida sykkelturar på Voss etter ynskje, dei tre vanlegaste turane våre er skildra under, men dersom du vil sykla ein annan plass kan me hjelpe deg med planlegginga. Sesongen startar 2.Mai 2018 og varar ut September, du finn oss på Turistkontoret på Vossevangen.

Guida turar tilbyr me etter ynskje, du må gjerne ringe oss på telefon (+47) 48 21 01 51 eller send oss ein mail til post@bikethefjords.com dersom du har spørsmål. 

Dersom du vil sykle på eiga hand har me og sykkelutleige i Voss Sentrum. Me held til på Voss Turistkontor og tilbyr både hybrid, landeveg og elektriske syklar. Du kan lese meir om sykkelutleige her. 

  • Vangsvatnet rundt

  •  
  • Lengd: 23 km
  • Tid: 1,5 – 4timar – kjem an på farten
  • Terreng: Mest flatt, men litt opp og ned, med 7 lengre bakkar. Rundtur, evt. kan ein snu halvvegs

 

Dette er ein familievennleg tur og passar frå 11 år og oppover. Ein syklar på ein gamal bilveg som er lite traffikert og langs vegen får ein sjå idylliske gardstun, mange små elver og fin natur. Du kan velgje kva veg du vil ta rundt Vangsvatnet, men vi anbefalar å begynne frå Gjernes.

  •  
  • Guida turar på førespurnad.
  • Prisar frå: NOK 560,- (sykkelleige inkludert)

Tvindefossen

  •  
  • Lengd: 31km
  • Tid: 3 – 4timar – kjem an på farten
  • Terreng: Mykje opp og ned, med 5 lengre bakkar. Retur same veg eller kan ein velgje ei anna rute

 

Du startar å sykle i fine omgjevnader langs ein sykkelsti før du fortset på ein sideveg gjennom fine gardstun og vakker natur. På vegen mot Tvindefossen passerer du 4 vakre vatn og Voss golfbane. Ved Tvindefossen er det perfekt å kjøpe seg ein is og nyte utsikta, anten frå nedsida eller kan ein gå stien opp og sjå fossen frå toppen. Tilbake mot Voss kan du velgje ei anna rute dersom du vil.

  •  
  • Guida turar på førespurnad.
  • Prisar frå: NOK 750,- (sykkelleige inkludert)
  • Skjervsfossen

  •  
  • Lengd: 27 km
  • Tid: 3 – 4 timar – kjem an på farten
  • Terreng: Ein slak men lang bakke i 10 km, deretter flatt inn mot fossen. Same veg tilbake, då trillar ein lett heile vegen
  •  
  •  
  • Denne turen er veldig familievennleg fordi omtrent heile turen går på sykkelsti. Ein syklar frå Vossevangen mot Bjørgum i slak motbakke heile vegen og etter 10km flatar det ut. Når ein har kryssa hovudvegen før nye Granvinstunnellen, syklar ein siste biten mot Skjervsfossen på gamlevegen. Dersom ein ynskjer å sykle ned “Skjervet” for å sjå fossen frå nedsia vert turen eindel tyngre. 
  •  
  • Guida turar på førespurnad. 
    Prisar frå: NOK 750,- (sykkelleige inkludert)

 

Dersom du vil sykle på eiga hand har me og sykkelutleige i Voss Sentrum. Me held til på Voss Turistkontor og tilbyr både hybrid, landeveg og elektriske syklar.

Du kan lese meir om sykkelutleige her. 

Kontakt:

Guida sykkelturar: (+47) 48 21 01 51 

Sykkelutleige: (+47) 40 61 77 00